RIT

Katherine J. Hanson, innleiing

Reidun Horvei, song

Inger-Kristine Riber, piano 


Tekst: Olav H. Hauge
Musikk: Inger-Kristine Riber

Regi: Ragnhild M. Gudbrandsen

Scenisk formgjeving: Thomas Pihl


foto: Oddleiv Apneseth

Framsyninga RIT tek oss med på ei reise gjennom årstidene med dikt av lyrikar Olav H. Hauge som vegvisar og fylgjesvein. Me startar seint om hausten, der reisa til tider kan vera tung og myrk. Men etter kvart som dagane vert lettare og lysare mjuknast og opnar også diktaren seg. Dikta som vert presentert i RIT gjev eit fullt spekter: frå djupn og breidde i Hauges sin poetiske visjon til varme og humor medan han observerar verda kring seg med gleda.


Tittelen RIT vart inspirert av eit dikt med same namn frå «På Ørnetuva». Eit kort stemningsfullt dikt som, med impresjonistiske strek teiknar ein naturscene: «...ei mjuk grå teikning, rita som i ein draum». Med ei naturskildring som gror ut av draum og som utfaldast stille og sakte, som ei kinesisk rulle, er diktet «Rit» eit fullkome uttrykk for visjonen me ynskjer å få fram.


Hanson opnar framsyninga med å fortelja om opplevingane sine av naturbileta gjennom Hauge sine dikt. Ho forklarar korleis dei mest kjende naturbileta- berget, elvi, sjøen, månen og stjernone- skapar eit draumelandskap der kreativiteten oppstår.


I framsyninga finst det om lag 30 dikt, nokre er tonesett og sunge, andre resitert av Hauge sjølv og Horvei. Dikta er arrangert med eit narrativ som fylgjer årstidene: haust, vinter, vår, sumar, haust. Ei soge som byggjer på årssyklusen og som flyt framover i tida og skildrar eit menneskeliv.


Hanson, Horvei og Riber har freista å skapa eit verk som har eit tema, ei dramatisk stigning, og ein avslutning som oppmodar alle som opplever RIT til å opna seg til refleksjon slik at dei kan gå inn i Hauge sine dikt.


Responsen til publikum har vore entusiastisk og varm: «(RIT)....tala til alle kjensler....skapte stemningar som me kunne kjenna oss igjen i frå dei lette til det tunge. Musikk og tekst, saman med lyd og lys vart ein heilskap som eg seint gløymer», skreiv ein frå publikum.


I komposisjonane har Riber freista å nytta eit landskap der musikken kan opplevast som ein fri straum med draumen som leiemotiv. Komposisjonane inneheld piano, datamaskin, klokkespel, medan lydeffektar innspela på førehand, som samplers, strengeinstrument, harpe og erhu (kinesisk folkemusikkinstrument) vert avspela gjennom høgtalarar.


I «Klassisk musikkmagasin» skreiv Svein Knutsen: «Poesi og musikk glir sømnløst i hverandre. Musikken følger årene lag for lag, helt inn til kjernen, ja, til selve livet». (29. 09. 2021)

MEDVERKANDE

Det fyrste møtet.....

Tidleg ein vårdag i 1977 møtte eg Hauge for fyrste gong. Eg hadde arbeidd med dikta hans i eit par år og no skulle eg medverka i eit radioprogram saman med diktaren der eg skulle syngja. Eg kom fram, banka på døra og steig over dørstokken. Hauge vart yr, spytta skrå i vasken og ropa på kona i hagen: Bodil, du mao koma, du mao koma, ho kan syngja! 

Reidun Horvei

Då eg valgte Olav H. Hauge sin diktning som emne for mi PhD avhandling i 1973, bar eg nok på ein draum om å få gjesta diktaren og hageflekken hans i Ulvik.  Draumen vart røyndom og i åra framover gjesta eg Hauge i kårstua  hans på Hakestad mange gonger.  Møtet med diktaren og verda hans opna dører til poetiske rom eg ikkje hadde visst om!

Katherine J. Hanson

Våren 1992 studerte jeg ved Riksteateret/ Hordaland teater 
sin 4 årige elev skole. Lyrikk sto fast på timeplanen, og denne våren ønsket teateret å produsere en turneforestilling med dikt av Olav H.Hauge. Komponist Per Indrehus tonesatte forestillingen «vinden har so mykje å fortelja i vår». Det var stort å få komme hjem til Olav H. Hauge på gården i Ulvik. Han delte raust av sin kunnskap, og syntes det var kjekt at ungdommen tok tak i diktene hans. Han kom hele tre ganger på forestillingen vår som turnerte med teaterbåten Innvik. Da satt han bakerst i salen med hatten på skrå og humret godt da «stå ikkje  der å skrik på eit Berg» ble fremført som I freestyle rap. Diktene har fulgt meg siden, og åpner stadig nye rom for refleksjon.

Ragnhild M. Gudbrandsen